Vart suksess!

Folkemusikkhelga

Mykje folk på kurs, konsert og dans!

Kurs2
Kurs
Kurs3
Kurs4
Kurs5
Felles middag
Felles middag på hotellet
Konsert med Kari
Konsert
Jenny med Blomar
Jenny med blomar

Over 30 deltakarar stilte på polskurs i samfunnshuset!

Kirsten Friis - kjent som instruktør i Jostedalen tidlegare - ga både nybyrjarar og meir erfarne dansarar kunnskap, inspirasjon og mange aha-opplevingar.  Steg for steg vart dei ulike delene av dansen introdusert og gjennomgått. Kurset vart avslutta søndag ettermiddag. (Videoklypp av rundsnuen finn du under Biletgalleri og video på framsida.) Det vert oppfølgjing av polsen med Kirsten tysdag 29.januar kl 19:00 i gymsalen i Gaupne.

Laurdag kveld samlast dei fleste kursdeltakarane til felles middag på hotellet før flott konsert med Kari Malmanger og musikarane hennar. Labakkalaget sto deretter for topp dansemusikk utover kvelden.

Alt i alt ei svært vellukka folkemusikkhelg!