Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken var i skikkeleg speleform då dei heldt konsert på Jostedal hotell fredag.
Dei mange frammøtte fekk høyre både vakkert samspel og solo-framføringar vokalt og på hardingfele.
"Me kjem gjerne att" sa dei begge då Helene takka dei for ein flott kveld.
Spelemannslaget stilte opp med godt dansespel etterpå.