Jostedal Spel- og Dansarlag
arrangerar spel og dansehelg 31.10 - 01.11.
Stordansar Vidar Underseth kjem til Jostedalen for å kurse Rupeungane i spel og dans på dagtid.
Laurdag kl. 17:00-19:30 held Vidar kurs i runddans på Jostedal Hotell for alle som har hug å vere med på dans og moro. Kurset blir tilpassa deltakarane, om du har dansa mykje, lite eller ikkje, er du velkommen.
Det er anledning til å melde seg på felles middag med dessert og kaffi/te, pris kr. 225. Middagen vert servert kl 20:00.
Etter matøkta, ca. kl. 22, blir det dans.
Kurs i runddans kr. 200, kurs og dans kr. 250, berre dansen kr. 100.
Påmelding middag til Solveig (99466812), eller Arnfinn (90518849), innan 25.10.2015.
Jostedal Spel- og Dansarlag