150 ÅR GAMMAL DOKKEMANN VIL DANSA!
Torsdag 20. januar kl 1900 kan alle få ei særmerkt oppleving på museet. Då skal dansemannen frå Borgund få dansa att, etter å ha vore gøymd i magasina på museet sidan 1905. Dansedokka vart nytta av langeleikspelarar som ville laga litt ekstra underhaldning: Når dei knytte ein tråd mellom handa si og dokka, dansa dokka i takt med musikken. Dansedokka på museet høyrer saman med ein langeleik frå Borgund og har truleg band til Valdres.
Elisabeth Kværne frå Valdres, ei av landets mest kjende langeleikspelarar, kjem til museet for å spela med dansemannen. Ho vart merksam på denne dokka for eit års tid sidan då ho forska på kva som fanst att av dansedokker i Norge. Ho fann at dansemannen på De Heibergske Samlinger er heilt unik, sidan det elles finst att berre ei dansedokke og ein dansehest i heile landet! Kværne vil både fortelja om denne tradisjonen og spela langeleik, og då blir det spennande å sjå om den meir enn 150 år gamle dokka atter vil dansa!
Levande dansemann I tillegg til dansedokka på museet får vi også oppleva ein levande dansemann denne kvelden. Stian Roland bur i Valdres, men slektar frå Øvstedalen i Sogndal. Han er blant dei fremste kvedarane og folkedansarane i landet, og han vil i tillegg fortelja om tradisjonsvandringa mellom indre Sogn og Valdres.
Bacalao og kaffi Før arrangementet kan ein kjøpe middag på museet, tillaga av kokkelina ved Luster vidaregåande skule. Då vartar dei opp med bacalao og sherrypudding. Middagsserveringa er mellom kl 16 og 18 og må tingast på førehand hjå museet. Under arrangementet vert det høve til å kjøpa kaffi og noko attåt.
Alt i alt er det god grunn til å ta turen ut i vintermørket til ein unik kveld med god mat, klangfulle langeleiktonar, danseglade menn og ny kunnskap om dei kulturelle banda mellom Indre Sogn og Valdres.
Gratis inngang