Rupeungane

Rupeungane er Jostedal Spel- og dansarlag si barnegruppe. Ungane som er med er frå fem til ni-ti år. Øvingane er ein gong i veka, nett no på torsdagar frå klokka seks til sju. Nett no er om lag 12 ungar med frå fem år til og med fjerde klasse. Sidan starten hausten 2006 har Anne Kristin Haugen Halveg og Eli Bjørhusdal vore instruktørar, med Else Marie Haugen som fast spelekvinne.

 Rupeungane er ikkje nokon tradisjonell leikarring. Rett nok står tradisjonsmusikken i fokus: Ungane lærer ulike bygde- og runddansar, songleikar og tradisjonelt songstoff frå Jostedalen, Vestlandet og Noreg. Men under øving og på framsyningar vert desse songane og dansane kombinert med sjølvlaga forteljingar og dramatisering, slik at sjangeren vår kanskje heller kan seiast å vere folkemusikal eller jamvel folkemusikkfarse.

Kvar vår og nokre romjuler sidan oppstart har me hatt oppsetningar i Dølaheimen i Jostedalen. Dette er framsyningane så langt i historia til Rupeungane:

Jula 2006: Folk og dyr i Hakkadalen Våren 2007: Skomakardrengen og prinsesse Mette

Jula 2007: Sirkus Eniken Peniken

Våren 2008: Farmen

Våren 2009: Over breen

Våren 2010: Vedatjuven og den løgne familien

I tillegg har me hatt både heile framsyningar og delar av dei på Vestlandskappleiken (2009), Fylkeskappleiken (2010), Smørbukk-kappleik (2009), og på mange arrangement i Jostedalen (til dømes syttande mai og Marknadshelga).

Me har hatt kurs med mellom anna Brit Guggedal, Kari Malmanger, Asbjørg Ormberg og Sigbjørg Sperle.

Neste framsyning i Dølaheimen vert sundag 10. april klokka 18.00.

Alle ungar i rett alder er velkomne til øvingar i Jostedal samfunnshus!