Juniorane

- ein livleg liten gjeng

Juniorane i Jostedal spel- og dansarlag består av mange kjekke jenter. Me som er juniorar har alle plass i kulturskulen, med enten Einar Ese eller Synnøve Bjørset som lærarar. Me har delteke på fleire kappleikar, og vorte fylkesmeistarar i klassen lagspel junior to gonger. (2008 og 2009) Det einaste me ynskjer oss no, ettersom me er berre jenter, er at me får nokre gutar med oss på kappleik. Ikkje fordi me ikkje klarar oss utan, men fordi me ikkje har ein einaste ein. (Noko me kan love alle gutar, er at det er kjempe kjempe kjekt å vinne på kappleik!)

 

 Som juniorar har me fått oppleve mykje forskjellig.

Det var sjølvsagt stor stas å vinne fyrste kappleiken me deltok på, og det var veldig stort å hente 1.premie ned frå scena den kvelden. Så var det ikkje mindre stas året etter, då me var i operahuset på Norfjordeid og henta nok ein siger! Me har eit svært godt miljø i juniorgruppa, og for å halde miljøet har me av og til samankomstar med servering, leikar og speling. Fleire av juniorane har vore på Mokurs fleire gonger, og me var med på å arrangere vestlandskappleik i Jostedalen i 2009. Me er kort sagt ein samensveisa og livleg gjeng, og me har vore med på ganske mykje forskjellig dei siste tre åra!