Picasa 2.7

Ny heimeside!

Laget er kome på nett!

Jostedal spel- og dansarlag ynskjer å ta vare på det beste i tradisjonen vår. Men me må følgje med i utviklinga og fornye oss når det trengs. Og no er det på tide me kjem på nett!

 Me vonar dei nye sidene skal kunne gi god informasjon om laget sine aktivitetar og elles det som skjer på folkemusikk-sida kring om i distriketet og landet. Me vil også legge inn ein del stoff om historien til laget og om tillitsvalde opp gjennom tida. Me vil legge ut ein del bilete - både aktuelle og historiske - og me kjem til å linke ein del filmopptak frå sida. Det tek tid å bygge ei ny nettside og i denne prosessen tek me gjerne imot innspel frå medlemane om utforming og innhald.

Under Aktivitet- Juniorane - vert det oppretta ein "blog" der juniorane kan skrive og legge inn bilete sjølve.