NABOTREFF OG KONSERT MED SYNNØVE BJØRSET
LAURDAG 12.
Laurdag 12.mai er det duka for vårt tradisjonelle ”Nabotreff” på Jostedal hotell.
Kvelden startar med middag kl 19.00 for den som ynskjer det.
Det vil bli servert Reinsdyrsteik med eller utan dessert. ( kr 145 for tallerken og kr 47 for dessert, kaffi inkludert)
Påmelding til Laila tlf 57683119 innan torsdag 10. mai
Kl 21.00
blir det Konsert med spelekvinne og fylkesmusikar Synnøve Bjørset.
Fylkesmusikar og hardingfelespelar Synnøve S. Bjørset kjem frå
Jølster, og er ein av dagens fremste formidlarar av tradisjonell
hardingfelemusikk. Ein konsert med Synnøve S. Bjørset er ikkje berre
slåttar, men eit personleg og vitalt møte med ein musikar som med
smittande engasjement og iver formidlar historier og anekdoter om
slåttar, spelemenn og feler som skapar ei tiltalande råme og gjer
musikken tilgjengeleg for fleire enn berre svorne hardingfelefans.
I 2008 og 2009 hadde ho arbeidsstipend frå Statens kunstnarstipend,
og i 2009 gav ho ut soloalbumet Slåttar som vart nominert til
Spellemannprisen. I 2011 mottok ho Folkelarmprisen for plata Soli
saman med Anne Hytta og Åse Teigland. I tillegg til å vere
solospelemann, medverkar Synnøve i ei rekkje kritikarroste ensemble,
mellom anna Majorstuen og Dei Beste Damene.
Synnøve har gått i lære hjå fleire framståande spelemenn frå fylket,
og mellom desse er både Håkon Høgemo og Sigmund Eikås. Ho har eit
breidt repertoar frå både Sunnfjord og Sogn, og har særleg arbeidd
mykje med arkivmateriale i form av notenedskrifter og eldre
innspelingar.
Etter konserten blir det dans og moro - så hugs dansesko!
Inngang for konsert og dans kr 200,-
Alle hjarteleg velkomne!
Arr: Jostedal spel- og dansarlag