Nabotreff 2011-1

Nabo-treffet på Jostedal hotell

Mykje folk og stor stemning!

Folkemusikk og folkedanssamarbeid i Sogn

Jostedal spel- og dansarlag og Sogn Spel- og dansarlag tek nye grep og samarbeider på tvers av kommunegrenser.

 Begge laga har lang tradisjon med å arrangere kurs og dansekveldar i bygdedansar som jostedalspringar, springar frå Indre sogn, rull og pols. Dette skal me sjølvsagt halde fram med, men folkemusikkmiljøet er lite og me treng å samarbeida for å skape eit godt miljø for folkemusikken og dansen, og på denne måten ta vare på og vidareføre folkemusikktradisjonen.

I februar skipa Sogn spel og dansarlag til kurs i Springar frå indre Sogn med over 30 deltakarar. I byrjinga av mars hadde Jostedal spel og dansarlag dansekurs med dansepedagog Ami Petersson og spelekvinne Ellika Frisell. Også dette kurset samla rundt 30 deltakarar. På begge kursa var det deltakarar frå både Jostedal spel- og dansarlag og Sogn spel og dansarlag. Dette samarbeidet har vore inspirerande, og for å markera avslutninga på denne sesongen vart det laurdag 21. mai skipa til Nabo-treff på Jostedal hotell der danseinteresserte frå begge lagi kom saman.

Det heile starta med ei høgtidsam og hyggeleg bordsete der me fekk høyre stemningsfull song av Kari Malmanger og Kjell Einar Ormberg. Sistnemde og med gode historiar som fekk latteren til å runge. Laila serverte som vanleg god mat. Etter bordsete var det dans. Fyrst ute var deler av Jostedal spelemannslag – Ida Kristine Sagerøy, Kine Svori, Mathilde Skjæret, Helene Halveg og Renate Halveg. Deretter spela Norill Terese Nordheim på toradar både åleine og i samspel med Ida Kristine. Kjell Einar Ormberg spelte både på toradar og trekkspel åleine og i samspel med Ida Kristine. I tillegg song og tralla Kari Malmanger nydelege tonar til rull, springar og runddans.

Det vart ein framifrå triveleg vårkveld med dans til langt på natt. Det var stor einigheit om å arrangere fleire slik treff. I tillegg vil dei to laga halde fram det gode samarbeidet for å fremje folkemusikk og folkedanstradisjonane i Indre Sogn.