Dregelid:Petersson

Lær deg RUDL med Ami og Håkon Dregelid!

Spanande kurs i Jostedalen 9.-11. mars

Nytt dette eineståande høvet!

Håkon og Ami Dregelid held kurs i Rudl i lag med spelmannen Sigmund Eikås.

Kurset vert halde i Jostedal samfunnshus 9.-11.mars 2012

Kurset startar fredag 9.mars kl 19-21, held fram 10-17 på laurdag, og avsluttar søndag føremiddag frå 10-13.

Kurset høver både for nye Rudl dansarar og for dei som kan litt men vil fordjupe seg i dansen. Ein treng ikkje melde seg på parvis!

Du får kjøpe mat og drikke for ein rimeleg pris på kurset.

Grunna tiltaksmidlar kan vi tilby kurset for kr 500 pr person!!

Når Håkon og Ami underviser hardei fokus på musikken og samspelet med partnaren. For dei er det viktig at dansarane er trygge og frie i dansen. Musikalsk timing og rørsletiming er noko som dei legg stor vekt på. Rotasjon, teknikk, balanse, mm er også med i kurset.

Sigmund har stor erfaring som musikar og pedagog. Han er ein fantastisk dansespelmann og er ein viktig del av kurset.

Håkon er frå Voss og har dansa heile livet. Han har stor erfaring som kurshaldar, særleg i Springar og Rudl frå Voss.

Ami har dansa folkedans frå barnsbein av, og har sidan byrjinga av 90 talet jobba som folkedanspedagog både i Sverige og i Norge. Rudl har ho dansa sidan ho møtte Håkon.

Sigmund har i ein mannsalder vore musikalsk leiar for Indre Sunnfjord spelemannslag og jobbar i dag som Fylkesmusikarar i Sogn og Fjordane.

Påmelding til Oddbjørg tlf 41460468 (fyrste mann til mølla..)

Viss du treng overnatting, kontakt Jostedal hotell tlf 57683119