12669097_10153830940210767_536457431_o

Konsert med Odde/Sulheim/Brimi

Laurdag 2. april blir det konsert og dans med Odde/Sulheim/Brimi på kl. 20.00 på Jostedal hotell.

Dei tre meisterspelemennene Aslak Brimi, Bjørn Kåre Odde og Astrid Sulheim kjem alle frå Lom, og er oppvaksne i miljøet rundt Lom Spelmannslag. Konserten har bakgrunn i plata dei nett har spelt inn for å heidre spelemannen Sjugurd Garmo (1896-1991) og musikken hans. Sjugurd var lenge ein sentral person i spelmannslaget, og var i tillegg ein meister til å komponere slåttar. Denne utgjevinga er fullt og heilt dedikert musikken av og etter Sjugurd Garmo, og det vert formidla både gjennom solospel og samspel av dei tre spelmennene. 

Etter konserten blir det høve til å svinge seg.

Billettpris: 200,-

Hjarteleg velkomne!