Rupeungane

JSA-medaljen til Ann Kristin, Eli og Else Marie

 JSA - medaljen 2011 

Alle bygder treng kultur, det er det som gjer livet verdt å leve. 

Jostedalen har ein sterk historisk kulturtradisjon.Jostedalen si geografiske plassering; midt mellom Sogn, Nordfjord og Skjåk har nok ført til at både dans, song og musikk har vorte påverka frå ulike kantar opp gjennom hundreåra. 

I det moderne massemedia-samfunnet vert vel vijostedøler langt på veg utsette for den same kulturellepåvirkninga som dei som bur i New York. 
Då er det viktig at vi tek aktivt vare på og brukar noko av det som er den kulturelle arven vår. 

For 5 år sidan starta Eli Bjørhusdal, Else Marie Haugen og Anne Kristin Haugen opp Rupeongane. I desse åra har barn mellom 5 og 10-12 år vore med på øvingar kvar veke og framsyningar omlag ein gong i halvåret. 

Gjennom dette arbeidet har borna lært dans, song og slåttar i jostedalstradisjon. Dei har lært å framføre dette på ulike måtar på scenen, både fellesnummer og solo-framføringar. Dette er eit flott tilbod til borna. 

Rupeongane har hatt fleire framsyningar også utanforJostedalen. Seinast no på den store kulturkvelden i Sogndal kulturhus. Her fekk dei mykje velfortent skryt for innsatsen. 

Som alle veit: Skal ein lukkast med slike tiltak trengst det arbeid, trottugt arbeid. 

Det har Eli Bjørhusdal, Anne Kristin Haugen Halveg og Else-Marie Haugen lukkast med, derfor får dei JSA-medaljen for arbeidet sitt med Rupeongane.