Junior-spelemannslaget

Fylkeskappleiken i Stryn

Det vart ein komprimert og litt travel kappleik i Stryn. Det var likevel eit godt gjennomført arrangement.

Som vanleg siste åra synte laget vårt godt att på resultatlista i mange klassar.

I Runddans solo senior vann Norill Terese med Helene på andre og Ida Kristine på tredjeplass.

Kine vann vokal solo kl C og fekk eit napp i vandrepokalen for beste poengsum i vokal på kappleiken.

I Open klasse vann Mathilde og Norill.

I Samspel junior vart Myklemyrjentene nr 2 med juniorlaget på tredje.

I Solo hardingfele/fele kl B vart Ida Kristine nr 8.

I Solo hardingfele/fele kl C vart Mathilde nr 2 og Kine nr 3.

I Lagspel runddans senior vart Jostedal nr 9.

Helene var med i gruppa Aslaks som vann klassen Gamaldansgrupper.

I klassen Dansetevling i vals/hamborgar vart Øygun og Johannes nr 2 medan Laila og Tormod fekk finaleplass.

Heile resultatlista finn du her Resultatliste%2Bfor%2BFylkeskappleiken%2Bi%2BSogn%2Bog%2BFjordane%2B2012%5B1%5D.pdf

Video:

Junior-spelemannslaget

Runddans innleiande runde, første pulje

Runddans innleiande runde, andre pulje

Runddans finale

Lagdans Sogn spel- og dansarlag

(Me har fleire opptak. Send ynskje til laget HER så legg me ut fleire videoar)