Norill Terese fylkeskappleik 2011

Draumestipend til Norill Terese!

Norill Terese Norheim (19) er tildelt "Drømmestipendet" frå Norsk Tipping.

Norill Terese frå Hafslo har spelt toradar i 10 år, og gjort det svært godt både på kappleik og i andre tevlingar. No har ho altså fått sjølvaste drømmestipendet på heile 10 000kr.

"Ja, det er jo veldig kjekt å bli tildelt noko så stort. Det at dette stipendet går på landsbasis, og at det berre er 100 personar som får det, gjer at det blir veldig spesielt. Dette er veldig stort for meg, og eg tykkjer det er veldig kjekt at folk legg merke til og ikkje minst likar det eg held på med. For å sei det slik er eg overvelda og kjempeglad for dette", seier ei smilande Norill.

Les meir om Norill sin draum HER

Jostedal spel- og dansarlag gratulerar deg masse med stipendet - me er svært krye over å ha deg på medlemslista!