Oddbjørg gjekk av som leiar på årsmøtet 5.februar, men held fram i styret. Ny leiar vert Helene Myklemyr som har vore kasserar i laget siste åra. Oda Heidi overtok Tormod sin plass i styret. Arne Aasen Hauge var ikkje på val. Mona tok attval.
Laget er eitt av dei største i landet med omlag 100 medlemar. Aktiviteten har vore svært stor også i år. Ein omsetnad på omlag kr 150.000 avspegla dette. Også i året som kjem er det lagt opp til ein ambisiøs arbeidsplan.