Til topps på Landskappleiken på Røros!

Dordi vann og Oddbjørg/Johannes var heilt i toppen!

image1
Tre flotte representantar for laget!

Dette var Dordi sin debut på Landskappleiken, og ho gjekk like godt heilt til topps! Det er nok ei stund sidan laget har hatt vinnarar på LK så dette var utruleg stas! Tek me ikkje heilt feil så kjem Dordi til å hente fleire premiar frå Landskappleiken i åra som kjem for her snakkar me om eit stort talent! Video

Også i dans fekk me eit svært sterkt resultat då Oddbjørg og Johannes slo til med femteplass av 22 par i Dans hardingfele A - ein av dei tyngste klassane på kappleiken. Flott at springaren vår får ein slik status! Video HER

Kristi og Tora stilte i Gruppespel junior og vart nr 5. Video ser du HER 

Tora stilte også i Hardingfele C og Mari i Hardingfele B - begge med 10.plass i sine klassar.

Resultatlister