DSC00997

Strålande julekonsert i Gaupne!

Kyrkja fylt til siste benk

Det var mange smilande andlet å sjå på kyrkjebakken etter romjulskonserten. Ei fulsett kyrkje fekk oppleve eit flott program med innslag av To purke og ein gris i ulike konstellasjonar, barne- og ungdomskorpset og allsang innimellom. Alt velregissert av Arve Bjørn, som i introduksjonen påpeika at det nok ikkje vart noko overrasking i Carola-format denne kvelden. Men noko kunne det bli. Og på slutten trakk han då også presten opp av hatten. Paulsen måtte innsjå at Arve B drog fleire til kyrkjehuset enn presten, og meinte det kunne vere farleg å kalle seg "To purke og ein gris" midt i juletida......

Me håpar dette vert ein tradisjon i romjula!

 

VIDEO av To purke ein gris med "I en Natt" av Eidsvåg