Noregs beste gammaldansgruppe til Jostedalen
Laurdag den 18. mai vert det både dansekurs og dansefest i Jostedalen. Noregsmeistrane frå Landsfestivalen i gammaldansmusikk dei to siste åra, Lendmenn, står for dansemusikken.
Laurdag 18. mai om kvelden er det duka for storfest i Jostedalen. Då har me vore heldige å få hit den landskjende gruppa Lendmenn til å spele opp til dans i Jostedal samfunnshus.
På dagtid, før dansefesten, blir det kurs i runddans/gammaldans med Øyvind Sandum og Mari Midtli. Då kan dei som ynskjer å finjustere rytme og steg før festen om kvelden, komme og få rettleiing. Kurset varer 2 timar og er for alle uansett erfaring.
- Det er mange danseglade sogningar som ser fram til denne kvelden, og det ryktast og at det kjem tilreisande frå fleire stader i fylket.
Treng du overnatting er det ope på Jostedal hotell og Jostedal camping. Dei kan tilby hotell eller campinghytte til ein rimeleg pris. Jostedal hotell v/Laila Gjerde tlf 57683119
Kurs med Øyvind Sandum og Mari Midtli - Kr 100. Påmelding innan 16. mai
Dansefest med Lendmenn - kr 300
Kurs og dans kr 350
Hugs å melde deg på kurset til Arnfinn Gjerde tlf 90518849 innan torsdag 16. mai!
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
For spørsmål, ta kontakt med:
Oddbjørg Ese
Tlf: 414 60 468