Sirkus Rupis med Rupeungane
Det var ein flott kveld i Dølaheimen i Jostedalen laurdag 20. april. Fyrst var det folkemusikalsk sirkus med Rupeungane, så konsert med dei to yngste gruppene i Jostedal Rockeverkstad.
Me bygde sirkusførestillinga kring songar og dansar som me har lært i fleire omgangar tidlegare. Songar har me lært av Asbjørg Ormberg, Sigbjørg Sperle, Bergljot Snøtun og Kari Malmanger; dansar av Sigrun og Lars Vigdal og sjølvsagt av ho Anne Kristin Haugen Halveg. Dessutan har me brukt songar som Else Marie og Eli har plukka med seg frå formødrene sine. Ungane har sjølve vore med og utvikla rørsler og replikkar i dei ulike nummera. Me har òg hatt koreografihjelp av Guro Trøseid Gjerstadberget, og Anne Kristin har hjelp oss med dansen.
Det har vore 11 ungar med i Rupeungane denne sesongen. I dei ulike rollene var:
Sirkusdirektør: Rasmus (11 år)
Verdas sterkaste mann: Stig (7)
Geitekillingar: Siri Elise (6), Thekla (6) og Kristi (11)
Geitetemjar: Marie (12)
Klovnane La og Lo: Øyvind (7) og Jostein (7)
Tryllekunstnarar: Kristi og Marie
Akrobatar: Thea (8), Jone (9) og Tora (9)
Instruktørarar: Else Marie (43) og Eli (41)
Skarptromme: Vebjørn (10)
Fele: Else Marie, Kristi og Tora
Toradar: Rasmus
Dette er det me brukte av låtar, songar og dansar i Sirkus Rupis:
Fyrste nummer – presentasjon
Toradar: «Steinhaugen, beinhaugen». Trad.
Fele: «Postmannen», hamborgar frå Jostedalen.
Songdans: «Karusellen» («Jomfru, jomfru»). Nyare songdans.
Andre nummer – verdas sterkaste mann
Song: «Eg e sjauar eg». Lært av Kari Malmanger. Frå Berit Opheim, Voss.
Song: «Du Ola, du Ola». Lært av Else Marie Haugen. Etter Søvrina Haugen.
«Cowboydansen» til «Bucks polka».
Tredje nummer – dei ville jøstedalsgeitene
Song: «Har du sett noko te geitene mine?» Lært av Merete Aasen/Asbjørn Aasen.
Song: «Har du sitt noke te geitene mine?» Lært av Bergljot Snøtun, etter Fredrik Myge, Karmøy.
Song: «Har du loppe på deg?» Lært av Else Marie Haugen, etter Anna Dorthea Haugen.
Fele: «Diltespringar» av Vidar Underseth.
«Nisse-reinlender» til «Svinglendar» etter Nils Ormberg.
Fjerde nummer – klovnane La og Lo
Song: «Datt du ned du». Lært av Asbjørg Ormberg/Sigbjørg Sperle, trad. etter Hallvard Hesjevoll.
Klappdans til «Klappdans-låten».
Femte nummer – tryllekunstnarar
Song: «Å bukken var brokut». Norsk trad.
Regle: «Eg letta mi nepe». Lært av Eli Bjørhusdal, etter Kari Grov.
Polka til «Shetlandspolka».
Sekste nummer – akrobatar
Song: «Å huskanti halling». Lært av Eli Bjørhusdal, etter Elsa Grov.
Song: «Å uppe det sat eg». Lært av Asbjørg Ormberg/Sigbjørg Sperle, trad. etter Hallvard Hesjevoll.
Sjemde nummer – sluttparade og avslutning
Rekkjehalling til «Hei so dansa jenta mi».
Song: «Ut på vegom» av Ivar Aasen til halling frå Dvergmål, etter Brenno og Groven/«Vandringsvise» av Odd Nordstoga.
Eli Bjørhusdal
(Bilettekst) Verdas sterkaste mann (Stig) i aksjon på Sirkus Rupis i Dølaheimen. Foto: Mette Reinertsen.