Rupeungane

Rupeungane på fylkeskappleiken

Opnar Smørbukk-kappleiken

Under Fylkeskappleiken arrangerer fylkeslaget den såkalla Smørbukk-kappleiken. Og Rupeungane våre opnar kappleiken kl 13:00 laurdag!

Smørbukk-kappleiken er ein uformell arena der barn og unge får synge, spele og danse for kvarandre, og møte andre unge i fylket med same interessen. Det er inga nedre eller øvre aldersgrense for deltaking, og på Smørbukk-kappleiken er det plass til alle, uansett nivå!

Alle som deltek får Smørbukk-karamellar i premie. I tillegg vil det vere ein eigen jury som kårar Årets Smørbukk - ei utmerking til den/dei som utmerkjer seg på ein positiv måte i høve til formidling, kreativitet og musikalsk innleving. Elles oppmodar vi alle om å tenkje kreativt og ta med godt humør! For det er slett ikkje utenkjeleg at det vankar nokre ekstrapremiar til nokon som fortener det.