Lystringen gjekk til topps!

Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2015

5. - 9. august vart Landsfestivalen i gammaldans arrangert i Lom. Jostedal spel- og dansarlag var representerte fleire stader på startlistene, med gode plasseringar.

Anne L og Tormod, LF2015
Anne Lovise og Tormod i finalen i runddans
IMG_3066
Lystringen på Meisterkonsert
Lystringen NM
Lystringen i tevling

Den gjevaste prisen gjekk til Lystringen, som vann klassen for lagdans. Det var totalt ni lag som stilte i denne klassen. Anne Lovise Drevdal og Tormod Øvrebø var eitt av seks par som gjekk til finalen i pardans senior. Dette var ein stor klasse med heile 34 startnummer, der kun dei tre beste er rangerte. I denne klassen deltok også Laila Gjerde og Kjarten Naustdal og Øygun og Johannes Kjos.  

Norill Terese Norheim deltok i klassen solo durspel senior, og Ida Kristine Sagerøy i seniorklassen for solo andre instrmunent med trekkspel. I klassen gruppespel deltok Hafslobelgen. 

Jostedal spel- og dansarlag og Gamlebanken spelemannslag var også på scenen saman på meisterkonserten søndag for å ynskje velkommen til neste års Landsfetival i gammaldansmusikk, som vert arrangert i Gaupne 3. - 7. august. 

Resultatlista frå festivalen finn du her.

Video av alle dansetevlingane finn du her

NRK Hedmark og Oppland gjorde opptak på finaleklassane i spel. Dei kan du sjå om du klikkar her.