Lustratreffen og konsert på Eikum hotell

Strålande konsert og tradisjonelt treff

IMG_1786[1]
FullSizeRender[1]
FullSizeRender[2]
FullSizeRender[3]

Trioen Tom Willy Rustad, Ole Nilssen og Leif Ingvar Ranøien innfridde forventningane på Eikum fredag kveld. Eit langt større publikum burde nok vore på plass då tre av våre beste duspel-utøvarar opna Lustratreffen. Med gode historiar og drivande godt spel gjekk timen fort. Karane demonstrerte at med dyktige utøvarar kan felemusikk låte svært så godt på toradar/trekkspel også!

Etter konserten vart det god dansemusikk frå fleire lag og grupper. Triveleg kveld!