Georg Arnestad[1]

Les Georg Arnestad sitt kåseri laurdag i kulturhelga

Georg Arnestad

Litt om omgrepet «KULTUR»

Kåseri, kulturkveld Jostedal samfunnshus, 29. februar 2020

Eg må først få seie hjarteleg takk for ein flott og innhaldsrik kulturkveld, som eg er glad eg fekk oppleve. De kan dette, her oppe i Jostedalen. Og hjarteleg takk for invitasjonen!

Bestillinga til meg frå Oddbjørg Ese i Jostedal spel- og dansarlag lydde slik: «Eit lite kåseri på 10-15 minutt kring ordet kultur.» Først etter at eg hadde svara ja, skjønte eg at eg fekk 10-15 minutt til å kåsere kring eit av dei mest komplekse og omdiskuterte orda i heile det vestlege vokabularet. Berre tullingar tek på seg eit oppdrag som dette, ein laurdagskveld. Men lysta mi til å kome hit opp til Jostedalen, med sin grunnfesta, mangfaldige og inkluderande kultur, var større enn frykta mi for å dumme meg totalt ut. Likevel: Å snakke om kultur her midt i naturens heim, er så definitivt ein risikosport.

Kultur som bearbeidd natur

På den andre sida: I si opphavlege betydning knytte ordet «kultur» seg nært til naturen, forstått som den menneskelege bearbeidinga av naturen, i jordbruket og i dyrehaldet. Kultur vart her forstått på ein måte som ligg nær det vi siktar til med «å kultivere», altså leggje til rette for og forme naturlege vekstprosessar. Kultur er ein aktivitet, noko vi menneske gjer, med naturen. Slik vaks også omgrepet «kulturlandskap» fram. Altså naturlandskap som menneska har omforma og «bearbeidd.» Alt som ikkje er natur, er kultur. I forlenginga av dette får dessutan uttrykket «danning» (tysk: Bildung) si meining: den foredlande virkninga som deltaking i kulturaktivitetar, har, eller i all fall er meint å ha, for og på menneske. Slik også her i Jostedalen. Kulturen, også det som skjer her denne helga, er meint å foredle dykk, danne dykk. Gjere dykk til gagns menneske. Kultur kultiverer!

Kultur som sivilisasjon
Det moderne kulturomgrepet har derimot sin historiske bakgrunn frå romantikken og det europeiske, og særleg det tyske, åndslivet på 1700-talet. Her fekk omgrepet etter kvart tre ulike betydningar: kultur som sivilisasjon, som levemåte og som kunst. Generelt vart kultur forstått som sivilisasjon etter kvart gjort til ein motsats til den formålsretta, fragmenterte og oppjaga tilværelsen som det moderne industrisamfunnet førte med seg. Frå å ha vore ein beskrivelse av den generelle og verdslege samfunnsutviklinga, vart kultur også etterkvart eit bilde på det som ein oppfatta gjekk tapt i moderniseringsprosessen. Og denne litt forkjærte kulturforståinga av «var ikkje det meste betre før» lever godt, den dag i dag. Også her i Jostedalen. Vil eg tru.

Kultur som levemåte
Forestillinga om kultur som levemåte inviterer oss til å snakke om fenomenet i fleirtalsform: det vil seie at vi snakkar om kulturar. Ikkje éin kultur, men mange kulturar. Verda består av eit svært mangfald av kulturar, som kvar for seg representerer, eller representerte, éin unik levemåte. Denne betraktningsmåten ligg til grunn for det vi kallar eit antropologisk (og samfunnsvitskapleg) kulturomgrep: kultur er det settet av kunnskap, normer, verdiar og tankemønster som vert overført mellom generasjonar i eit samfunn. Og utvikla og endra av nye generasjonar. Kultur blir dermed å rekne som ein altomfattande dimensjon ved alle samfunn. Vi kallar denne betraktningsmåten for «kulturrelativistisk», det vil seie at alle kulturar og kulturmønster vert sett på som likeverdige, noko som inneber at alle samfunn må

forståast ut frå sine eigne premissar. Den seinare tida har denne kulturrelativismen kome meir i miskreditt.

Aukande innvandring og utfordringane ved integrering har ført til meir merksemd om kva for verdiar og normer, kva for kultur i brei forstand, som er eksplisitt norsk eller nordisk eller nord-europeisk (protestantisk om de vil...) i møte med andre kulturar. Kva er det norske’ og kva skal til for å verte norsk, er eit svært aktuelt spørsmål i dagens fleirkulturelle Noreg. Og er alle kulturar og kulturmønster like verdige? Slikt spør vi oss sjølve i dag. Eg er viss på at de er opptekne av dette, også her inne under den mektige Jostedalsbreen.

Kultur som kunst

Den siste betydninga av kultur vi har frå romantikken, avgrensar fenomenet til dei mest høgverdige formene for kunst og intellektuell verksemd. Sentralt her er tanken om kunst som ei form for verksemd som ikkje tener noko formål ut over seg sjølv, og om kunstnaren som eit fritt og skapande individ. Denne kultur- eller kunstforståinga, med basis i kunstnarleg nyskaping, kunstnarleg talent og inspirasjon, nesten som ei «nådegave», dannar grunnlaget for utforminga av dei moderne europeiske kunstinstitusjonane; teater, opera, museum, galleri, ballett osv. «Kunst for kunsten skuld» og kunstnaren som fritt sjølvstendig individ representerer ei avvising av den instrumentelle rasjonaliteten i det moderne samfunnslivet. I våre vest-europeiske samfunn er det staten som vert oppfatta som garantisten for den frie og uavhengige kunsten.

I dette lyset må vi også forstå den sterke motstanden frå kunstinstitusjonane og kunstnarane mot ei regionreform, som det vesle partiet Venstre står bak, der dei nye fylkeskommunane skal overta ein langt større del av ansvaret for norske kunstinstitusjonar og materielle kulturminne. «Kultureliten», for å nytte det uttrykket, stolar ikkje på at kommunar og fylkeskommunar respekterer kunstens uavhengige og sjølvstendige rolle. Krav om ei «armlengdes avstand» mellom kunst og styresmakter vert ikkje respektert på lokalt og regionalt nivå, hevdar «kultureliten.» Derfor vil dei store kunstinstitusjonane sortere under staten, ikkje under fylkeskommunane. Eg skjønar dei.

Oppsummert

Altså: kultur kan vi forstå som det å kultivere, både naturen og menneske. Vi kan forstå kultur som sivilisasjon, som levemåtar og kunnskap, normer, verdiar og tankemønster som vert førte over frå generasjon til generasjon. Og vi kan forstå kultur som dei høgverdige formene for kunst og intellektuell verksemd. Det nærmaste vi har vore dette siste i kulturpolitikken, var i perioden 1981-89. Då hadde vi eit Kultur- og vitskapsdepartement, med Lars Roar Langslet (1981-86) og Hallvard Bakke (1986-89) som statsrådar. Eg ville, for min del, gjerne hatt eit slikt departement også i dag.

Den immaterielle kulturarven

Men kvar helst i det kulturelle omgrepskartet eg litt lausleg har skissert, kan vi så plassere Jostedal spel- og dansarlag og dykkar storarta kulturhelg? Vi snakkar i alle fall om både kultivering og danning, vi snakkar òg om kunnskap, normer og verdiar, og vi nærmar vel oss også kunstomgrepet. Men for heilt å gripe kulturhelga dykkar, må vi utvide kulturomgrepet til også å omfatte kulturarven vår, og særleg det vi kallar den immaterielle kulturarven. Medan den materielle kulturarven består av bygningar, monument, fartøy, historiske stader og miljø, og kulturlandskap, er immateriell kulturarv levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap som blir overført mellom folk. Kunnskapen blir praktisert i dag og ført vidare gjennom kreative

2

uttrykksmåtar. Det kan vere ulike former for handverk, (folke)musikk, (folke)dans, mattradisjonar, ritual og munnlege forteljingar. Akkurat det som de har drive på med denne kulturhelga. Jostedølene er flinke til dette. De og jølstringane er dei beste immaterielle kulturforvaltarane i fylket vårt. Både i det gamle fylket og i det nye Vestland. Like mykje som verdsarvfjorden vår, høyrer de heime på Unesco si verdsarvsliste.

Ytringskultur

«Kulturutredningen 2014» heitte ei omfattande statleg utgreiing som kom i 2013. Bak rapporten stod eit regjeringsoppnemnt utval leia av dyktige Anne Enger, tidlegare Sp-leiar og kulturminister. Rapporten var meint å vere ei evaluering av det raud-grøne «Kulturløftet» 2005-2013. Men den gode og grundige rapporten (NOU 2013:4) drøfta også dei mange kulturomgrepa, og foreslo ei innstramming av måten kulturomgrepet vert nytta på i den praktiske kulturpolitikken, særleg på lokalt og regionalt nivå. I Noreg har ein heilt sidan kulturmeldingane på 1970-talet, operert med det såkalla utvida kulturomgrepet, som omfattar all kultur, kunst, idrett og alle slags fritidssyslar. Dette omgrepet har danna grunnlag for organisering av blant anna kommunal og fylkeskommunal kulturpolitikk.

Engerutvalet foreslo eit nytt omgrep; «ytringskultur», som dei meinte skulle danne grunnlag for kulturpolitikken, i staden for det utvida, og utvatna, kulturomgrepet. I praksis innebar dette at utvalet meinte at kulturpolitikken berre skulle rette seg mot verksemder med «et ekspressivt hovedformål», som det heiter i rapporten. Det vil seie (i) verksemder knytt til materiell og immateriell kultur, som museum, bibliotek og arkiv, og (ii) kunstnarleg verksemd i vid forstand, som skulle omfattast av profesjonell kunst, populærkultur og aktivitetar i det frivillige kulturlivet.

Utvalet omtalte omgrepet ytringskultur som «et romslig kulturbegrep.» Samtidig avgrensa dei det kulturpolitiske kulturomgrepet til verksemder «som har ekspressive formål». Det utvalet ikkje sa eksplisitt, var at dei ønskte å skilje kultur- og idrettspolitikk på det lokale og regionale nivået. Utvalet meinte nok at idretten reiste med ein for stor del av kulturkaka. Men då utgreiinga kom og folk hadde fått lese den, fekk dette forslaget lita eller inga merksemd. Det var ikkje mange som brydde seg med dette Kanskje var det heile for vanskeleg. Eller kanskje ville, eller torde, ikkje utvalet utfordre idretten.

Sjølv er eg ein av dei få som tykte dette var synd. Eg helste for min del velkomen dette forsøket på å innsnevre det utvida kulturpolitiske kulturomgrepet frå 1970-talet. Men eg, og Anne Enger, tapte denne kampen.

Til sist: Takk for at eg fekk kome og for at de ville høyre på meg. Lukke til vidare med det flotte arbeidet de gjer for å ta i vare og utvikle den kulturarven de er så flinke og stolte berarar av.