Landskappleiken 2016

Flott kappleik på Vågå!

Tora2
Tora

Landskappleiken 2016

Landskappleiken i Vågå var eit flott arrangement med mykje trivelege folk og flinke utøvarar. Til stor glede for eit interessert publikum vart tradisjonsmusikk og -dans frå Jostedal og Sogn framført på scena i tevlingane. Jostedal spel- og dansarlag sine medlemmer stilte til tevling i heile seks klassar.

Glimrande spel av Kristi og Tora Bjørhusdal i gruppespel junior, Tora stilte og i Spel hardingfele klasse C, og spelte godt.

I Dans hardingfele A dansa Oddbjørg Ese og  Johannes Kjos framifrå Jostedalspringar til spel av Synnøve S. Bjørset.

Mathilde Skjæret og Mari Ormberg deltok i Spel hardingfele B, og Einar Ese stilte i to klassar, Spel hardingfele D og  Durspel senior.

Resultat frå kappleiken: Her

Tidlegare i vår vedtok styret i FolkOrg at det skal vere felles poengskala for dei ulike klassane på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Skalaen går frå 0-100 poeng, og grensa for opprykk til A-klassa på Landskappleiken er 75 poeng. Du kan lese meir om ny poengskalaen: Her

Video frå kappleiken kjem her