FullSizeRender

Landskappleiken 2015

22.- 26. juli på Fagernes

Årets Landskappleik vart arrangert i samband det årlege Jørn Hilme-stemnet på Fagernes. Det var eit triveleg og vellukka arrangement, med fleire jostedøler på startlistene.

Kristi og Tora Bjørhusdal spelte feiande flott i gruppespel junior. Kine Svori og Mathilde Skæret debuterte i hardingfele klasse B på Landskappleiken, med gode plasseringar. Mari Ormberg deltok og i denne klassa, og fekk i år sitt fyrste "napp" i A-klassa. Oddbjørg Ese og Johannes Kjos deltok i dans hardingfele klasse A, og Norill Terese Norheim stilte i klassa for durspel senior.

I tilegg var det god deltaking elles frå fylket, med mange høge plasseringar. Du kan sjå den fullstendige resultatlista frå Landskappleiken på Fagernes her.