LANDSFESTIVALEN

Strålande!!!

Opningskonsert
Opningskonsert
Ein heile halve maone
Ein heile halve maone
Labakkalaget
Labakkalaget
Senior og seniorita
Senior og seniorita

Ein svært vellukka festival er over, og det er nesten uverkeleg å tenke på at Luster desse dagane har stått i sentrum for heile gamaldans-Norge.

 

Festivalnemnda har gjort ein kjempejobb, og gjennomføringa av arrangementet gjekk svært bra med mange positive tilbakemeldingar. Dugnadsinnsatsen har vore enorm, og kanskje er det viktigaste for ettermælet til festivalen at deltakarane over alt vart møtt med velvillige, positive og imøtekomande friviljuge.

 

Laget vårt hadde mange deltakarar i ulike klassar og mange fine plasseringar. Lystringen kom til finale i Lagdans og vart nr 4. Marie Myhrvold og Johannes Kjos ("Senior og seniorita") fekk sølv i Open klasse. Hafslobelgen vart nr 3 i Lagspel durspel/trekkspel og Labakkalaget kom til finale og vart nr 4 i Gruppespel. Elles hadde me medlemar med i Jutullaget - som vann Gruppespel, "Ein haile halve maone" - med tredjeplass i same klasse og Gamlebanken som vart nr 4 i Lagspel fele/hardingfele.

 

Resultatlister finn du HER

Video frå festivalen kjem HER