Landsfestivalen på Oppdal

Lystringen Norgesmeister att!

gruppe
Gamlebanken
Ida Kristin
Ida Kristin
Pardans
Marie og Johannes
Norill
Norill Terese
Lychelaget
Lychelaget
To purker?
Ein haile halve maone, Mathilde og Emil
Mathilde
Lystringen
Lystringen

Nok ein gong gjekk Lystringen til topps i Lagdans - denne gong med åtte par på golvet. Dei dansa reinlendar, og toppspelemannen Øyvind Sandum sto for musikken. Video HER

Blant 31 dansepar hadde Jostedal spel- og dansarlag to par som deltok i Pardans senior - Anne Lovise Drevdal og Tormod Øvrebø, og Marie Myhrvold Bakke og Johannes Kjos. Sistnemnde par gjorde eit solid inntrykk hjå dommarane og gjekk til finale, saman med fem andre finalepar.

 

Gamlebanken spelemannslag, med blant andre Oda Heidi Bolstad og Mathilde Skjæret, spelte seg  heilt til finale i klassa for Lagspel fele/hardingfele. Dei enda opp med ein solid femteplass.

 

Andre plasseringar med medlemmar frå Jostedal spel- og dansarlag:

Ida Kristine Sagerøy - Nr. 6 i Andre istrument senior (trekkspel)

Norill Terese Norheim - Nr. 11 i Durspel senior.

 

Fleire av laget sine medlemmer gjorde det godt i andre lag og grupper.

"Ein haile halve maone" begeistra publikum og dansarar stort! Med i gruppa var mellom andre Mathilde Skjæret, Norill Terese Norheim og Henning Lad. Dei vart nr. 10 i Gruppespel.

 

Oda Heidi Bolstad var og med i "Eigentleg andre instrument senior", der ho spelte trekkspel.

 

Trønderske Lychelaget som deltok i Lagspel durspel/trekkspel hadde og spelemenn frå laget, Norill Terese Norheim og Henning Lad.

 

Baste Antun var dommar i fleire klassar under festivalen.

 

Komplett resultatliste

Video frå ulike tevlingar