4. - 5. januar 2014 arrangerte Jostedal spel- og dansarlag hardingfelekurs med Håkon Høgemo på Jostedal Hotell. Det har vorte mange kurs opp gjennom åra, og felespelarane i laget er takknemlege for at Håkon stiller opp år etter år. Her kan du lese korleis Einar Ese opplevde kurshelga.
Det har etter kvart vorte ein tradisjon at Jostedal Spel- og dansarlag arrangerer hardingfelekurs (spel) i Jostedalen første helgi i januar, med Håkon Høgemo som lærar. Kurset i år var det 16 i rekkja av slike kurs, men Håkon har ogso halde kurs her i dalen, tidlegare. Ekstra triveleg var det at det denne gongen var med folk ogso frå Sunnfjord og Nordfjord. Når ein slik kapasitet som han Håkon held kurs, so er det berre flott at fleire kjem og vil læra.
Dette er den “gamle” kurs-læremåten med lærar og elevar i ein sirkel, og der læraren i starten deler opp slåttane i høvelege stubbbar som vert repeterte mange gonger – og so til slutt vert slåtten spela i samanheng.
Slåttane som vart arbeidde med på kurset var tre slåttar Håkon har frå læremeisteren sin, Lars Skjervheim:
Så var det to slåttar han hadde lært av Anders Kjærland:
Til slutt vart det gjennoomgått nokre slåttar frå ulike kjelder:
«Dæ hjælper ikkje håss go’n e’, e’n ikkje kåmme i opprop», er eit sitat etter Myllarguten, som sjølv vart hjelpt fram av Ole Bull. Skal ein spelemann koma “i opprop” eller bli kjend og berømt, då er det ikkje nok at han er “flinkast” til å spela. Det er like viktig at han har eit miljø og folk om krng seg som kan hjelpa spelemannen fram. Det er ikkje alltid me har sterke nok miljø som greier dette.
Underskrivne har dei siste åri meir eller mindre lagt fela på hylla, ja, i tunge stunder har ho faktisk lege ute på Finn.no. Dette kurset var ein stor inspirasjon, no får me sjå korleis det går.
Einar Ese.
Fremste rekkje, frå venstre: Oda Bolstad, Ida Kristine Sagerøy, Håkon Høgemo, Mathilde Skjæret og Kine Svori. Bak, frå venstre: Åslaug Timenes Bell, Fredrik Hope, Einar Ese, Leif Erik Stuhaug, Ingrid Schei Stuhaug og Iselin Mulen Eikås
Kurset vart mogeleggjort med KOMP-midlar frå Norsk musikkråd.