IMG_4924

Kulturhelg og TØFT- samling i Jostedalen

28.februar – 1. mars 2020

Stort kulturprogram!

Jostedal spel- og dansarlag, Jostedal helselag, Jostedal historielag, Luster husflidslag og Luster Folkeakademi inviterer til kulturhelg og TØFT- samling denne helgi.

 

Det vert kurs i dans, spel og song frå fredag til søndag (TØFT-samling). Fredag kveld opnar me med å vise filmen «40 år sidan storflaumen». På laurdag tilbyr me ei rekke ulike kurs, som knivslipekurs og kurs i reparasjon av klede, samt utstilling av nataknekkarar frå Jostedalen. Laurdag kveld vert det kulturprogram og dans til musikk av Labakkalaget. 

 

Fredag:

PREMIERE på filmen «40 år sidan flaumen».

Tid og stad: Jostedal hotell kl 20:00

 

--------------------------------------------------------------------------------------

Oppstart TØFT-kursa kl 19:00 i Jostedal samfunnshus

TØFT er eit rekrutteringsprosjekt for ungdom i Sogn og Fjordane som driv med folkemusikk og folkedans. Målgruppa er ungdom mellom 10 og 19 år. 

 

TØFT - kursa har desse instruktørane:

Eirik Fuglesteg Luksengard: Dans

Kirsten Fris: Dans  

Ingrid Stuhaug: Fele/Hardingfele

Håkon Høgemo: Hardingfele

Arve Bjørn Røneid: Toradar/trekkspel

Asbjørg Ormberg: SmåTØFT – eit songtilbod for dei under 10 år

 

Påmelding til TØFT – kursa innan 10. februar til oddbjese@online.no eller sms til 41460468. Alle kan melde seg på. Det er gratis for alle under 19 år.  

----------------------------------------------------------------------------------

 

Laurdag:

 

I tillegg til TØFT- kursa som går over heile helgi, blir det fleire korte kurs på laurdag. Du kan velje eitt kurs før lunsj og eitt kurs etter lunsj. 

 

Påmelding til kursa innan 10. februar til oddbjese@online.no eller sms til 41460468

 

 

Kurs kl 10:00 – 12:00

1. «Dei eldste kjeldene våre»: Egil Bakka fortel om innsamlingsarbeidet sitt.

2. Gammaldans for urøynde med Kirsten Fris

3. Sliping av knivar og andre verktøy med Olav Stølen

4. «Fiksarlaug»: Ta med og få hjelp til å reparere kleda dine med Luster husflidslag

5. Potetkakebaking med Jostedal helselag

6. Songkurs for born under 10 år med Asbjørg Ormberg

 

Merk! Potetkakene som blir laga på kurset blir serverte til lunsj.

 

Lunsj og kulturøkt kl 12:00 – 14:30

Det blir servert tradisjonsmat av Jostedal helselag

Dans for alle.

 

Kurs kl 14:30 – 16:30

1. Tredreiing med Einar Ese

2. «Fiksarlaug» med Luster husflidslag

3. Baking av natronkake med Jostedal helselag

4. Jostedalsspringar med Oddbjørg Ese og Tormod Øvrebø

5. Songkurs for ungdom og vaksne med Asbjørg Ormberg

 

 

KL 19:30

KULTURPROGRAM  

KL 21:00

DANS TIL MUSIKK AV LABAKKALAGET

 

 

Prisar: 

TØFT- samlinga inkludert mat og overnatting på flatseng er gratis for born og unge under 19 år!

 

Gjennomgangsbillett for heile helgi kr 500

 

Billettprisar:

Film fredag kr 200

Dagbillett laurdag inkludert mat kr 200

Kulturprogram og dansefest laurdag kveld kr 300

Berre dansefest kr 200