Erlend Viken-Aslak Brimi

Flott konsert med Aslak Brimi og Erlend Viken!

Jostedal hotell onsdag 5. oktober

Det vart ein intim og flott konsert med Brimi og Viken på Jostedal hotell!

 Mange hadde trassa ruskeveret og funne vegen til hotellet for å høyre to av landet sine fremste spelemenn. Me fekk høyre tradisjonsmusikk frå Oppdal og Gudbrandsdalen samt nykomponert stoff av Viken. Karane var i godt speleslag og det vart ei svært triveleg stund for alle som hadde møtt fram.

Sjå videoklipp frå konserten HER