Representantar frå Jostedal spel- og dansarlag fekk med seg fleire premiar heim frå Førde i helga.
Vestlandskappleiken 2013 vart arrangert i Førde 11.-13. oktober. Med nær 400 påmelde deltakarar, og god stemning gjennom heile helga, kan Gamlebanken Spelemannslag vere nøgde med arrangementet. Men det er fleire som kan vere nøgde. Medlemmer i Jostedal spel- og dansarlag hadde mange representantar på deltakarlista, og fleire av dei reiste heim med premie i bagasjen.
I dansetevling, reinender og masurka, vann Anne Lovise Drevdal og Tormod Øvrebø, medan Oddbjørg Ese og Johannes Kjos vart nummer to. Laila Gjerde deltok også i denne klassa saman med Kjartan Naustdal. Dei kom ikkje til finalen, og vart difor ikkje rangerte. Oddbjørg Ese og Johannes Kjos vann B-klassa i pardans. I spel fele/hardingfele klasse C var det Mathilde Skjæret som vann, og Kine Svori fekk ein fin tredjeplass. Kine Svori vann vokal klasse C. I lagdans kom Jostedal spel- og dansarlag på andreplass.I klassa durspel/trekkespel tok Norill Terese Norheim tredjeplassen, medan Ida Kristine Sagerøy kom på sjuandeplass. Til slutt tok "To purke og ein gris" andreplassen i open klasse. I tillegg til desse, deltok Mathilde Skjæret i klassa for samspel junior med gruppa "På sparket". Dei tok andreplassen her. Helene Myklemyr Bolstad og Oda Heidi Bolstad stilte i lagspel med komp, saman med Gamlebanken Spelemannslag, som tok fyrsteplassen.
Jostedal spel- og dansarlag kan vere godt nøgde med resultata frå Vestlandskappleiken 2013. Den fullstendige resultatlista kan lastast ned her.
Videoar frå kappleiken finn du HER