Plassert sentralt i fylket og med heile arrangementet samla i eitt hus er Skei hotell ein glimrande arena for avvikling av fylkeskappleiken. Arrangementet var godt og stemninga god, så all honnør til arrangørane.
Resultat frå laget vårt: I klassen Spel, solo, gamaldans junior vart Kine Svori nr 2. Kine vann vokalklasse C, og Kari Malmanger vann Vokal klasse A. I spel hardingfele/fele klasse C vann Mathilde Skjæret med Kine på andreplass. I Samspel junior vann Myklemyrjentene med solid margin (VIDEO). I klassen Runddans senior kvalifiserte Laila Gjerde/Kjartan Naustdal, Åshild Helleset/Arne Aasen Hauge og Anne Lovise Drevdal/Tormod Øvrebø seg til semifinalen (VIDEO vals) (VIDEO reinlendar) og Anne Lovise/Tormod vann finalen.
Andre videoar frå fylkeskappleiken finn du HER
Laget var også representert ved Johannes Kjos i domarpanelet.
Fullstendig resultatliste HER