Fylkeskappleiken på Sandane

God deltaking frå laget

Tredobbelt til Jostedal i dans!

image
God mat og god stemning
DSC01005
Finale runddans
KPL2014-9357%2BFinalistar%2Brunddans
Finalistane
KPL2014-1027%2BTo%2Bpurke%2Bog%2Bgris
To purke og ein gris

Også denne gong markerte Jostedal spel- og dansarlag seg med gode resultat på fylkeskappleiken. Arrangør var tre lag frå Nordfjord -Austrheim musikklag, Gloppen hardingfelelag og Hyen spelemannslag - og arena var aulaen på Firda. Det var ein triveleg kappleik med flott ver, naudsynte fasilitetar, bra scene og godt dansegolv. Deltakinga kunne vore større, men var likevel noko betre enn i fjor. 

På fredag vart Norill Terese nr 2 i klassen Spel solo runddans senior, og "To purke og ein gris" vart nr 2 i Open klasse. 

Seinare på kvelden var det tevling i runddans, og der var alle finalistane frå laget! Øygun og Johannes vann med Anne Lovise/Tormod på andre og Oddbjørg/Arne Aasen Hauge på tredje. 

Laurdag vart Oddbjørg og Johannes nr 3 i Bygdadans senior og Mathilde vann klassen Spel fele/hardingfele klasse C med Kine på andre. Mathilde var også med i Firda spelemannslag som vann klassen Samspel junior. Mathilde fekk også andreplass i denne klassen med duoen Ingrid & Mathilde. Kine vart nr 2 i klassen Vokal kl C og laget vart nr 2 i lagdans senior. VIDEO

På desse kappleikane er den sosiale delen like viktig som tevlinga. Laurdag kveld samlast mange i laget til felles middag og triveleg lag på Gloppen hotell (bilde)

Fleire bilete og videoar kjem etter kvart. Alle videoar HER

Resultatliste