Fylkeskappleiken i Naustdal

Mange deltakarar frå Jostedal

Norill
Norill
Einar
Einar
Kristi og Tora
Kristi og Tora
DORDI bilde
Dordi

Heile 16 deltakarar frå laget stilte på kappleiken, som vart arrangert på skulen i Naustdal. Det kunne godt vore meir publikum, men det vart ein triveleg kappleik og eit godt gjennomført arrangement.

Dordi Boksasp Lerum stilte for første gong på kappleik, og gjorde ei svært god framføring i Vokal C.

Elles stilte Tora Bjørhusdal i Spel C, og Kristi og Tora i Samspel junior.

Norill Terese Norheim stilte i Durspel/trekkspel bygdedans og Einar Ese i Vokal B samt i Spel solo runddans.

Lystringen vann Lagdans runddans med JSD på fjerdeplass. Fire par stilte i Pardans runddans med Øygun og Johannes Kjos på tredjeplass og Anne Lovise Drevdal/Tormod Øvrebø på første.

Fullstendig resultatliste finn du HER

Video frå kappleiken ligg HER