Flott kurshelg med Ami og Håkon!

Nesten 40 deltakarar!

IMG_1441
IMG_1443
IMG_1453
IMG_1448
IMG_1450
IMG_1463
Spelemannen prøver seg! Kari trallar til
IMG_1467
Johannes informerer
IMG_1472
Oddbjørg takkar instruktørane
IMG_1476
Sigmund Eikås får også ein god klem

Det vart eit svært vellukka kurs i Rull i helga!

Nesten 40 deltakarar frå fjern og nær stilte opp i samfunnshuset fredag kveld, heile laurdag og søndag føremiddag. Trass mange timar med instruksjon og øving var det berre vellete å høyre.

Ami har danseundervisning som yrke og meistrar den utfordrande kunsten det er å formidle danseteknikk og innleving til deltakarane. Håkon er med sitt særeigne uttrykk ein av våre beste dansarar gjennom tidene. Saman har paret fått kongepokal på landskappleiken for dansen sin. Me forstår elles at paret valde Sigmund Eikås som spelemann på kurset. Han bidrog med glimrande dansespel gjennom heile helga.

Oddbjørg sto i front som organisator og sytte- saman med god dugnadshjelp- for frukt, kaker og kaffi i pausane. Laurdag var det herleg gryterett frå Laila til lunsj.

Ami hadde dansekurs i Jostedal i fjor også, og uttrykte at ho gjerne kom att! Så kanskje...

 

Her vert inngang til rundsnuen demonstrert: Video

Ami og Håkon dansar (bekl svak lyd): Video