Flott konsert med Maar

God stemning på hotellet!

IMG_3563
IMG_3561
IMG_3556

Det var godt oppmøte og god stemning då MAAR avslutta turneen sin i Jostedal. Mathilde og Norill Therese varma opp med to slåttar - ein i tradisjon og ein sjølvkomponert av Norill. 

 

Frøholm og Tillung kjenner me frå konsert på hotellet tidlegare. No hadde dei fått med seg spelemannsnominerte Ellen Brekken - jazzbassist frå Tynset - i gruppa Maar. Dette var avslutningskonserten i turnerekkja etter slepp av plata "Epleslang". Det meste av musikken er sjølvkomponert med opphav i folkemusikk. Men musikken kan gjerne definerast som jazz også. Eller samtidsmusikk om ein vil.

 

Etter konserten vart det dans til drivande godt spel av Spelemannslaget!