Danseglede!

Hardingfela.no med ny dans og song for alle

Hardingfela.no er eit samarbeid mellom Ole Bull Akademiet og Hardanger og Voss museum.

Danseglede-cdcover-Foto-Ingerid-Jordal-scaled

 

Byr opp til Danseglede!

Songen Danseglede og dansen som høyrer til med øvingsvideoar ligg er no tilgjengeleg for alle som vil læra seg den! Du finn den her: https://www.youtube.com/channel/UCUYmXAbIswg_LdBTULfBGvQ    Songen ligg også tilgjengeleg på alle strøymetenester for musikk.

Danseglede er ei gåve til alle som treng litt ekstra glede i tidene me er i no, og ingenting gjer betre enn å dansa. Anten åleine, eller saman med kohorten din. Etter kvart så vonar me at grender, byer, skular, fotballag m.m. kan dansa Danseglede saman.

Folkemusikaren Lajla Renate Buer Storli fekk idéen til Danseglede i haust etter inspirasjon frå BlimE-dansen til NRK. Ho laga ein nydeleg tekst, og melodien laga ho saman med John Ole Morken. Så tok Lajla kontakt med hardingfela.no som gjerne ville vera med å spreie Danseglede.

No er Danseglede spelt inn med Lajla, John Ole, Kvarts, Kåre Opheim, Berit Opheim og elevar frå Voss kulturskule. Inga Myhr og Magni Rosvold har laga koreografi og øvingsvideoar til dansen. Me har allereie testa den ut, og den høver godt for både små og store.

Hardingfela.no inviterar alle til å dansa og til å laga og sende inn sine eigne Dansegledevideoar med frist 1.oktober! Det vert premére på ein stor Dansegledevideo under Osafestivalen 31.oktober.