Jostedal spel- og dansarlag har i vår hatt danseopplæring ved Hafslo barne- og ungdomsskule og Luster ungdomsskule.
Begge dei to ungdommsskulane i Luster kommune fekk i vår tilbod om danseopplæring. Det er Jostedal spel- og dansarlag som har teke initiativ til opplegget, som eit tiltak for å auke dei unge sin kjennskap til folkemusikk og folkedans i Luster. Laget har fått støtte gjennom Den kulturelle skulesekken og FolkOrg til å gjennomføre opplegget.
På Hafslo vart det gjennomført totalt fire skuletimar fordelt på to dagar, både på 8. og 9. trinn. I Gaupne dansa 8. klasseelevane i fire skuletimar, fordelt på fire dagar. Oddbjørn Skjerdal og Oddbjørg Ese har vore instruktørar, og ungdommane har lært strekkbuksepolka, langedans, halling, jig circle, reinlender og polynese. I tillegg har dei lært litt om generell danseteknikk. På Hafslo vsr det Norill Terese Norheim (toradar) stod for musikken, medan Oda Heidi Bolstad (hardingfele) var speledame i Gaupne.
Me er godt fornøgde med opplegget, og har også fått gode tilbakemeldingar frå skulane. Elevane har vore engasjerte og kjekke å jobbe med, og dei fekk godt tak på dansinga også. Målet er å få til fleire samarbeid med skulane i Luster i framtida.