TØFT-samling i Jostedal

28. februar til 1. mars

 

Jostedal spel- og dansarlag i lag med fleire andre lag i Jostedalen inviterer til kulturhelg og TØFT treff for unge folkemusikarar og folkedansarar.

Tøft-logo
Meld deg på innan 10. februar til Oddbjørg Ese, e-post: oddbjese@online.no eller sms til 414 60 468.

Instruktørane denne kurshelga er:

Eirik Fuglesteg Luksengard: Dans
Kirsten Fris: Dans
Ingrid Stuhaug: Fele/Hardingfele
Håkon Høgemo: Hardingfele
Arve Bjørn Røneid: Toradar/trekkspel
Asbjørg Ormberg: SmåTØFT – eit songtilbod for dei under 10 år

Du kan overnatte på flatseng på Jostedal skule. Skulen ligg like ved samfunnshuset der alle kurs og aktivitetar skal foregå. Ta med liggeunderlag, sovepose, toalettsaker/handkle, finkle til festen, instrument og sko til å danse i. Alle måltid vil bli servert i samfunnshuset og heile helgi er gratis for ungdom under 19 år!

Kulturhelg

På laurdag blir det fleire ulike kurs for bygdefolk og tilreisande, og på laurdags kvelden blir det kulturprogram og dansefest frå kl 19:30
Alle arrangement er alkoholfrie.

Program

Fredag 28.02
19:00 – 20:00 Pizza
20:00 – 21:30 Sosialt samvær

Laurdag 29.02
09:00 – 10:00 Frukost
10:00 – 12:00 Kurs
12:00 – 13:00 Lunsj
13:00 – 14:30 Dans for alle
14:30 – 16:30 Kurs
17:00 – 18:30 Middag
19:30 – 21:00 Kulturprogram 
21:00  Dans

Søndag 01.03
08:30 – 10:00 Frukost og pakking
10:00 – 11:00 Kurs
12:00 – 13:00 Hentekonsert/ Lunsj

Er det noko du lurer på er det berre å ta kontakt med Oddbjørg Ese tlf 414 60 468.
Hjarteleg velkommen til TØFT samling og kulturhelg i Jostedalen. Me ser fram til å sjå deg!