Under Vestlandskappleiken i Granvin, 3.-5. oktober, vart Kine Svori frå Jostedal spel- og dansarlag tildelt Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris.
Prisen er på 10 000 kr., og vert utdelt kvart år til ein ung og lovande utøvar på hardingfele.
Styret si grunngjeving:
"Prisen går til ei jente som er fødd i 1996 og har spelt hardingfele sidan ho var 8 år. Ho har fått opplæring på hardingfele gjennom fylkesmusikarordninga i Sogn og Fjordane m.a hatt Harald Hesjevoll, Oda Heidi Bolstad og Synnøve Bjørset som lærarar i kulturskulen. Ho har delteke på ei rekke spelekurs og er aktiv utøvar i Jostedal spel- og dansarlag. I tillegg til å spele fele, syng ho. Utøvaren har delteke på ei rekkje kappleikar og fått fine plasseringar, både som soloartist og i gruppespel. Idag er ho er elev ved musikklinja på Vinstra Vidaregåande Skule, som er den einaste vidaregåande skulen i landet med folkemusikklinje. Ho får særs gode skussmål frå skulen. Folk i miljøet ho er i fortel at ho er ei engasjert jente som arbeider strukturert og målretta for å bli betre."
Prisen vart oppretta etter at den unge hardingfeleutøvaren Audhild Flaktveit Moxnes omkom i ei trafikkulukke i Bergen sentrum.
I tildelingsnemda sit:
Arne Anderdal, Eva-Marie Toppe, Sigrid Moldestad og Solgunn Flaktveit.
Me er svært stolte, og ynskjer Kine hjarteleg til lukke med prisen!