For 37. gongen vart den gjeve prisen delt ut i haust - og for første gong til ein vestlending. Det skjedde på Vågåtreffen, og komiteen nemnde m.a. at Arve Bjørn er ein dyktig trekkspelar, komponist og ein stor motivator og pådrivar for ungdomane. Dette er noko me som kjenner han kan skrive under på! Og han er i godt selskap! Tidlegare har m.a. Oddvar Nygaard, Kåre Korneliussen, P.A. Røstad og Asmund Bjørken fått prisen. I fjor vart Sven Nyhus æra med Vågåfatet. Jostedal spel- og dansarlag sluttar seg til gratulantane!