Sjur Hesjevoll

100-årsmarkering for Sjur Hesjevoll

I år er det 100 år sidan kunstnaren og spelemannen Sjur Hesjevoll vart fødd. Dette blir markert med utstilling, konsert og dans i Jostedal samfunnshus laurdag 22. mars kl. 19.00.

Sjur Hesjevoll vart fødd 19. mars 1914 på garden Hesjevoll i Jostedalen. Han var ein ekte kunstnar, og dreiv med både kunstmåling, treskjæring og dreiing. Foreldra hans var gode til å synge og tralla, og Sjur fekk tidleg sans for musikken. Allereie som gutunge tok han til med å spele fele, og det er som spelemann han er mest kjend.

Slåtterepertoaret til Sjur var stort og allsidig, med både runddans og bygdedans. I tillegg til lokale tradisjonsslåttar henta han inspirasjon frå grammofonplater og radioprogram. Han var ein flik læremeister, og reiste rundt i fleire sognebygder for å halde kurs i felespel.

Sjur hadde sin eigen måte å forma slåttane på. Han kunne veksla mellom eit stort spekter av uttrykk, frå det lyriske og ettertenksame til det fossande og storslagne. Med ekte innleving og formidlingsevne kunne han spela sjølv den enklaste danseslått, slik at tårene rann på dei som høyrde på. Det var ikkje minst heilheitsinntrykket av ein spelemann der mimikken og muskelspelet i heile den mjuke kroppen var med på å understreka rytmen og tonane.  Det rytmisk drivet han hadde i spelet sitt, gjorde han til ein svært ettertrakta dansespelemann.

Sjur Hesjevoll er ein av dei viktigaste spelemennene me har frå Jostedalen. I 1954 var han med på å skipe Jostedal spel- og dansarlag. Han gjorde innspelingar som er viktige for å bevare og vidareføre folkemusikktradisjonen i Jostedalen og Sogn.

Jostedal spel- og dansarlag, i samarbeid med Folkeakademiet, ynskjer å markere at det i år er 100 år sidan Sjur Hesjevoll vart fødd. Markeringa går føre seg i Jostedal samfunnshus med ei utstilling av nokre av Sjur sine arbeid. Det blir konsert med musikalske bidrag frå Håkon Høgemo, Sigmund Eikås, John Oddvar Kandal og Helene Myklemyr Bolstad. Dette er spelemenn som er kjennarar av Sjur Hesjevoll sitt spel, og me får høyre dei både i samspel og solo. I tillegg deltek medlemmer frå Jostedal spel- og dansarlag på konserten. Sjur Hesjevoll var mest kjend som dansespelemann, og Jostedalsspringaren vil difor stå i fokus. Olav Stølen vil fortelje, og gje oss eit rikare bilete av kunstnaren Sjur Hesjevoll. Og dersom ein kjenner rykket i dansefoten under konserten, får ein høve til å svinge seg litt når dei same spelemennene spelar opp til dans, etter ein god kopp kaffi.

Alle er hjarteleg velkomne!